Songtext zu Lyfjaberg


Sal din hug og lat den ri og renna
Med blinde augo vil du vegen finna
Djupt du dreg anden inn – let tankar svinna
Langsamt slepp anden fri – i vinden rida

Spinn spindel – tvinn i tankar, kverv i syn
Seidsongen, lint den lokkar hug or ham
Fram gjøno døri, gjøno kongro-sløri
Fram, ber med bare føt, den tunge børi

Ut in ditt indre ventar bratt ein sti
Høgt der på Lyvjarnut stend møyar ni

Ved fyrste stad der stiar krossar, biar du
legg frå deg kleda, alt du eige med
Der du er på veg, er dei til ingen nytte
Børa letnar, framom ventar tyngre veg

Ved andre stad der stiar krossar, biar du
legg frå deg tida, tunge tankar med
Der du er på veg, er dei til ingen nytte
Børa letnar, framom ventar tyngre veg

Ved tridje stad der stiar krossar, biar du
Legg frå deg reidsle, legg di maske ned
Der du er på veg, er dei til ingen nytte
Børa letnar, framom kjem dei tyngste steg

Nakjen der på nuten, kjenner berget deg
Nordre slær si ørnevengje, vinden dreg
Kring deg fær kvendeskuggar dansande
Ramme runar, mæl og manar, yve deg

Sott og sår
or marg og bein
or kjøt og blod
or hold og skinn
i vær og vind
ut du svinn
eg manar deg inn i berget blå
der korkje sol ell måne skin deg på
eg maner til skogen der ingen bur
og til den sjø som ingen ror
djupt under jordfast stein
til ingens mein
gjønom elva renna
havet venda

I vær og vind
ut du svinn
Korkje sol ell måne
skin deg på
Synk i den sjø som
ingen ror
I elva renna,
i havet venda

Lyvjaberg hev alltid stende
til trøyst for sjuk og såra
Kvar og ein som berget kliv
Lækjast for livslang sott

Legg den att på Lyvjaberget
Hødgi der åar alle,
buktar støtt seg nord og nedan
Bergar den som berget maktar




Wardruna - Lyfjaberg Songtext

zu Lyfjaberg von Wardruna - Lyfjaberg Lyrics Wardruna - Lyfjaberg Text Wardruna - Lyfjaberg Liedtext

Noch keine Übersetzung vorhanden.
Musik-Video-Miniaturansicht zu Lyfjaberg Songtext von Wardruna

Video zum Lyfjaberg


Lyfjaberg Songtext von Wardruna


Andere Songtexte und Deutsche Übersetzungen

von Wardruna

Beliebt Lyrics

Arctic Monkeys - 505 Songtext

Arctic Monkeys - 505

Songtext & Übersetzung
Suchbegriff: wardruna lyfjaberg lyrics